Oppsummering av innspel til Mld. St. 4 (2015-2016) frå Elektronisk forpost Norge

Av Sturle Sunde, EFNs bitcoin-talsmann. Elektronisk forpost Norge 14. desember 2015.

1. Lova må vere klår på kva definisjonar og reglar som gjeld for krypto-
valuta og virtuell eigedom. Bitcoin er eit betalingsmiddel, ikkje ei
teneste. Definer gjerne både betalingsmiddel og teneste.

2. Transaksjonar med virtuell valuta skjer overalt på ein gong, og kan
initierast overalt. Det kan vere vanskeleg å definere kvar i verda ein
slik transaksjon skal reknast som gjennomført. Ikkje baser lover eller
avgifter på at det er mogeleg.

3. Det er mogeleg å leggje avgifter på grensesnittet mellom kryptovaluta
og nasjonal valuta.

4. Dersom vi skal svinge vekk frå den stien som i dag går parallelt med
EU, og vi ikkje lenger kan bruke EU og nabolanda som referanse,
treng Skatteetaten og Skattedirektoratet strenge fristar for å avgjere
prinsippspørsmål og tvilsspørsmål.

5. Skatteklagenemnda må kunne ta opp prinsipputtaler og generelle regel-
tolkningar, ikkje berre enkeltvedtak.

6. Regulerte og uregulerte verksemder må handsamast likt når dei
yter den same tenesta. Til dømes kan avgiftsplikta tre inn idet
margininntekter og gebyrinntekter overstig ein viss sum per termin.

7. For streng nasjonal regulering og høge avgifter på eit betalingsmiddel
som ikkje kjenner fenomenet landegrenser, fører berre til utflytting av
tenestene og reguleringsmessig arbitrasje.

Sjå òg oppsummeringa her:

http://bitmynt.no/sturle/oppsummering-finkom.pdf

Sjølve innlegget frå Sturle Sunde i høyringa i Finanskomiteen om «Meld. St. 4 (2015–2016) Bedre skatt — En skattereform for omstilling og vekst» ligg her:

https://efn.no/no/nyheter/sturle-sundes-innlegg-om-bitcoin-i-hoyring-i-finanskomiteen

Program for høyringa.

Sturle Sunde kan kontaktast på sturle at efn no .