Sturle Sundes innlegg om bitcoin i høyring i Finanskomiteen

EFNs bitcoin-talsmann Sturle Sunde heldt innlegg om regulering av bitcoin i Finanskomiteens høyring om nye finansielle instrument 15. desember. Innlegget fylgjer nedanfor.

Takk for at Elektronisk Forpost Norge får delta her.  Vi ynskjer å ta
opp spesielle utfordringar rundt kryptovaluta og blokkjede-teknologi.
Dette er banebrytande teknologi med potensiale for å innføre eit
effektivt supplement til det etablerte finansielle systemet.  For EFN
er dei personvermessige eigenskapane til bitcoin og tilsvarande
teknologi spesielt interessante. Kryptovaluta kan gjere internasjonal
nettbetaling enkelt, sikkert og uavhengig av tredjepartar, og vil
gjere det vanskelegare å overvake våre forbruksvanar.

Kryptovaluta og blokkjede-teknologi vart oppfunne i 2009.  Den gong
som ein alternativ valuta og betalingsmiddel som kan brukast på nett
på same måte som kontantar.  Transaksjonar er pseudonyme og vert
loggført i eit offentleg rekneskap som alle kan kontrollere.  Med
bitcoin kan både store og små transaksjonar gjennomførast raskt og
friksjonsfritt.  Sidan kryptovaluta eksisterer uavhengig av
tradisjonell valuta, er det ikkje e-pengar.

I utlandet har mange store bankar allereie teke i bruk
bitcoin-teknologi for transaksjonar segimellom.  Bankenes
Standardiseringskontor ser på korleis slik teknologi kan brukast
i norsk banksektor.

Eg har drive med veksling mellom bitcoin og norske kroner sidan 2010 -
sidan 2014 som sjølvstendig næringsdrivande.  Våren 2011 spurde eg
Skatteetaten om korleis eg skulle handtere inntekt i bitcoin
skattemessig, og kva reglar som gjalt rundt mva på handel med bitcoin.
Skatteetaten sendte spørsmålet vidare til Skattedirektoratet.  Eg
ventar framleis på fullstendig svar.

I november 2013 kom Skattedirektoratet med den første avklaringa.  Ein
"prinsipputtale" som hevda at bitcoin ikkje er eit betalingsmiddel,
men ei fjernleverbar elektronisk teneste.  Dermed innførte dei mva på
bitcoin, med det resultat at ein først må betale mva for bitcoin som
ein vekslar til seg, og så må ein betale mva for vara ein kjøper for
desse bitcoin.  Då får ei vare dobbel mvam -- dersom kunden vekslar
til seg bitcoin i Noreg.  Skattedirektoratet har til dags dato ikkje
klart å definere kven som leverer tenesta, og dermed er mva-pliktig,
for veksling som går gjennom bitcoin-børsar i utlandet.  Fire år etter
at eg tok opp spørsmålet, er det heilt umogeleg å føre eit komplett
mva-rekneskap for eit firma som handlar med bitcoin.


Professor Gjems-Onstad føreslo i dag tidleg å samordne innføring av
mva på finansielle transaksjonar med EU.  Forarbeida til tidlegare 
mva-lover legg stor vekt på at unnataka for finansiell sektor skal 
vere like våre næraste handelspartnarar i EU og Norden, og eg har ofte 
brukt dei som referanse i mangel av rettleiing frå Skatteetaten.  
Dersom vi innfører heilt andre reglar, må Skatteetaten og 
-direktoratet få absolutte svarfristar, og Skatteklagenemnda må kunne 
ta opp prinsipputtaler som ikkje er enkeltvedtak.


I ny mva-lov må alle betalingsmiddel som ikkje har nokon annan funksjon 
enn betalingsmiddel definerast som betalingsmiddel.  Dersom ein slik 
definisjon har side-effektar, er det mogeleg å definere til dømes 
private pengar eller ei kontoføringseining, slik andre land har gjort, 
for å skape eit skilje mellom tradisjonell valuta og ulike andre 
pengesystem.


Framlegget som ligg føre, har nokre andre utfordringar.  EFN vil ikkje
meine noko om korvidt vi skal innføre mva eller avgifter på
finansielle tenester, men vi har meiningar om korleis kryptovaluta
skal handterast dersom avgifter vert innført.

Lova må ta omsyn til at transaksjonar med kryptovaluta ikkje kjenner
landegrenser. Berre ved veksling mellom kryptovaluta og nasjonal
valuta, og ved betaling for varer og tenester, er det praktisk mogeleg
å ha kontroll og ileggje eventuelle avgifter.  Der kan det vere
fornuftig at eventuelle avgifter er like dei ein har ved veksling
mellom norske kroner og utanlandsk valuta.


Slik framlegget står, er firma som berre driv med kryptovaluta og
veksling mellom kryptovaluta og norske kroner fritekne, medan ein
konsesjonspliktig finansinstitusjon som gjer det same vil vere
avgiftspliktig.  Det meinar vi er er i strid med
nøytralitetsprinsippa, til fordel for dei som driv uregulert.  Det kan
i sin tur føre til eit prematurt reguleringspress.  Etter vår meining
vil det heller vere naturleg å la arten av tenesta som vert utført
avgjere om ho er avgiftspliktig eller ikkje.

Teknologien er i rivande utvikling.  Det finst alternative
blokk-kjedar som er meir tilpassa handel med aksjar, valuta,
rentebærande obligasjonar og lån, og alle mogelege finansielle
instrument basert på dette.  Kryptovaluta kjenner ingen grenser og
bransjen er i sin natur internasjonal.  Det er viktig å gå forsiktig
fram med både regulering og avgifter, for å unngå reguleringsmessig
arbitrasje, og leggje til rette for at noko av denne innovasjonen kan
føregå i Noreg.

Eg har delt ut eit ark med dei viktigaste poenga, og vonar dei vert
vektlagt under arbeidet med den nye lova.

Sjå òg innlegget her:
http://bitmynt.no/sturle/finanskomiteen-h%C3%B8yring-mldst4.txt

Video av innlegget til Sturle Sunde i Finanskomiteen si høyring
 - kjem etter ca. 23 minutt og 25 sekund.

Hugs òg å få med spørsmålsrunden etter Sturles innlegg, der han svarar
på spørsmål frå Torstein Tvedt Solberg (Ap) om utviklinga av bitcoin og
frå SVs Snorre Valen om korleis ein skal hindra at bitcoin vert eit
«skatteunndragelsesvirkemiddel».

Sturle Sunde kan kontaktast på sturle at efn no .