Utdrag fra Prop. 150 L (2014–2015) Endringar i EØS-høringsloven (elektronisk administrativt samarbeid)

Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 21. august 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak).

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår i denne proposisjonen ei lovendring som gjev forskriftsheimel til å gjennomføre Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1024/2012 ”Om forvaltningssamarbeid gjennom informasjonssystemet for det indre marked og om oppheving av kommisjonsvedtak 2008/49/EF” (IMI-forordninga). Departementet foreslår å ta forskriftsheimelen inn i lov 17. desember 2004 nr. 101 om europeisk meldeplikt for tekniske reglar (EØS-høringsloven). Informasjonssystemet for den indre marknaden (IMI) er eit elektronisk verktøy som nyttast til utveksling av informasjon mellom styresmakter i EØS. Noreg har nytta systemet sida starten i 2008. IMI-forordninga etablerer eit horisontalt rettsgrunnlag for IMI og fastset felles reglar for ein mest mogleg effektiv bruk av systemet og gjev samstundes reglar om personvern. Forordninga leggjar vidare til rette for framtidig utvida bruk av IMI innanfor nye saksfelt og  klargjer rollene til og forenklar kontakten mellom aktørane i IMI (Europakommisjonen, nasjonale og lokale styresmakter).

[...]

3 Nærare om IMI

IMI er eit elektronisk verktøy som Europakommisjonen leverer. IMI skal lette forvaltningssamarbeidet mellom relevante styresmakter i EØS og mellom styresmaktene og ESA/Europakommisjonen. Programvara er gratis og enkelt tilgjengeleg gjennom IMI- portalen på Europakommisjonens heimeside. Systemet kan nyttast på alle offisielle EU-språk. Verktøyet er gratis å bruke for IMI-aktørane. Informasjonsutvekslinga skjer elektronisk. Systemet er såleis både tids- og kostnadssparande for brukarane.

IMI består av fleire modular, og blir til dømes nytta for å oppfylle styresmaktene sine meldeplikter til andre styresmakter eller til EFTAs overvakingsorgan og for å leggje til rette for å gjennomføre varslingsplikta og andre plikter som følgjer av regelverket på det aktuelle området ein samarbeider administrativt om. SOLVIT- nettverket (uformelt nettverk som hjelper private og bedrifter når dei står overfor feil bruk av EU-regelverk) nyttar IMI i sakshandsaminga.

I dag blir IMI nytta som elektronisk verktøy ved administrativt samarbeid innanfor virkeområda til fleire direktiv, medrekna: yrkeskvalifikasjonsdirektivet1, tenestedirektivet2, pasientrettardirektivet3 og utsendingsdirektivet4. Samstundes har Europakommisjonen sett i gang eit pilotprosjekt for å vurdere om IMI er eigna for bruk etter e-handelsdirektivet5 og lokførarbevisdirektivet6. Pilotprosjekt for bruk av IMI på området for retur av kulturskattar7 og offentlege innkjøp8 er under utgreiing.

Hovudaktørane i IMI er ansvarlege styresmakter (normalt underliggjande etatar og organ med delegert ansvar) i EØS som har det daglege ansvaret for offentlege oppgåver knytte til det området der IMI skal nyttast som verktøy. Dei aktuelle styresmaktene får tilgjengerett til den eller dei modulane i IMI som er relevante for deira verksemd. Styresmaktene kan som IMI-aktørar sende og ta i mot førespurnader, ta i mot informasjon og åtvaringar og forvalte opplysningar i modulen i tråd med tilgjengerettane.

Kvart medlemsland har ein nasjonal IMI-koordinator. Nærings- og fiskeridepartementet er nasjonal IMI-koordinator i Noreg. Departementet har såleis eit overordna ansvar for IMI i Noreg og deltek i arbeidet på europeisk nivå.

Den ansvarlege styresmakta for det fagområdet IMI skal nyttast på, er også fagleg koordinator for sitt område: Nærings- og fiskeridepartementet er difor også IMI-koordinator for tenestedirektivet i IMI. Vidare er til dømes Kunnskapsdepartementet IMI-koordinator for yrkeskvalifikasjonsdirektivet og Arbeidstilsynet er IMI-koordinator for bruken knytt til utsendingsdirektivet. Rolla til dei faglege koordinatorane er i hovudsak å hjelpe brukarane dersom det er behov for dette i det daglege. Dei faglege koordinatorane følgjer også opp overfor brukarane dersom det til dømes ikkje blir svart på førespurnader frå andre EØS-land innan fristane.

Europakommisjonen har eit IMI-team som er ansvarlege for drifta og utviklinga av systemet. Teamet har også ei hjelpeteneste og utarbeider opplærings- og marknadsføringsmateriale som dei deler ut fritt.

Fotnoter

1.

2005/36/EU, endra ved 2013/55/EU

2.

2006/123/EU

3.

2011/24/EU

4.

96/71/EU

5.

2000/31/EU

6.

2007/59/EU

7.

2014/60/EU

8.

2014/24/EU og 2014/25/EU

Se proposisjonen i PDF.

Se også saken på regjeringen.no.