Offisielt frå statsrådet 23. januar 2015 (lite utdrag)
Statsråd vart halde på Oslo slott 23. januar 2015.
Følgjande vedtak vert gjort kjende:
[...]
7. Andre saker
Utanriksdepartementet, EØS- og EU-saker
Noreg deltek, med atterhald om samtykke frå Stortinget, i avgjerda i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2012/28/EU av 25. oktober 2012 om ein viss tillaten bruk av hitteverk.
Noreg deltek, med atterhald om samtykke frå Stortinget, i avgjerda i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU av 26. februar 2014 om kollektiv forvaltning av opphavsrett og nærståande rettar og tverrnasjonal lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden.