Meld. St. 43 (2016–2017) -- Årsmeldingane til Datatilsynet og Personvernnemnda for 2016
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 21. juni 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg). Melding til Stortinget. Årsmeldingane til Datatilsynet og Personvernnemnda for føregåande år sendes kvart år til Stortinget i form av ei melding. Meldinga inneheld ei beskriving av arbeid, tiltak, vedtak og tilsyn som er gjennomført i året som har gått. KMD gir i innleiinga til meldinga nokre kommentarar til årsmeldingane og ei skildring av utfordringar på personvernområdet.
Dokumentet i PDF-format (5 MB)
Utdrag:
1 Innleiinga til Kommunal- og
moderniseringsdepartementet
Årsmeldingane til Datatilsynet og Personvernnemnda
for 2016 gir eit bilete av situasjonen her
og no. I tillegg forsøker ein å sjå litt framover i tid.
Meldingane viser at personvern har vore gjenstand
for stor merksemd og debatt i løpet av
meldingsåret, og at temaet truleg berre vil bli
meir aktuelt i tida som kjem.
Ein stor del av debatten har omhandla samspelet
mellom ny teknologi og personvern. Ny teknologi
er eit viktig verktøy for å skape ein enklare
kvardag for folk flest, forenkle offentleg administrasjon
og styrke norske arbeidsplassar. I mange
tilfelle gjev den teknologiske utviklinga også betre
høve til å ta vare på personvernet, mellom anna
ved at ein kan bygge personvern inn i dei teknologiske
løysingane. Samstundes blir stadig fleire
merksame på dei store moglegheitene ny teknologi
gir for utstrakt kartlegging av alt frå bevegelsar
og handlemønster til personlege eigenskapar
og preferansar. Mange ønsker større kontroll over
eigne personopplysningar. Mykje av den offentlege
debatten har også i 2016 handla om arbeidet i
EU med den nye personvernforordninga og kva
konsekvensar forordninga får for norske verksemder
og innbyggarar. Forslaget om oppretting av eit
digitalt grenseforsvar har òg vore hyppig debattert,
i tillegg til nye avgjerder frå EU-domstolen
Debattane viser at personvern ikkje eksisterer
i eit vakuum, men alltid må vegast mot andre
interesser og behov. Avveginga mellom personvern
og andre viktige samfunnsomsyn kan vere
krevjande. Ut frå ei rekke gode formål er det ikkje
vanskeleg å argumentere for behovet for å nytte
personopplysningar i ulike samanhengar. Det kan
derimot vere vanskeleg å vurdere verdien av eit
godt personvern både for samfunnet og for den
enkelte. Derfor er det viktig at det alltid blir gjort
grundige konsekvensvurderingar før innføring av
personverninngripande lovgiving eller tiltak.
Dette vil kunne bidra til å sette personvernet inn i
ein større samanheng. Ein må vurdere den samla
effekten av ulike personverninngrep i samband
med nye tiltak, og vege den mot fordelane tiltaket
vil føre med seg. Kravet om å gjere grundige konsekvensvurderingar
før innføring av nye lover og
tiltak følger òg av den nye personvernforordninga.
Slike vurderingar blir derfor ikkje mindre viktige i
framtida.
1.1 Regelverksarbeid og internasjonal
utvikling på personvernområdet
Dei seinare åra har det skjedd mykje med dei
internasjonale reglane om behandling og vern av
personopplysningar. Merksemda om personvern
har òg auka merkbart. «Alle» snakkar om EU si
personvernforordning og kva ho vil føre med seg
av endringar for personvernet både i Europa og i
resten av verda. Merksemd om personvern er bra.
Det fører til betre kunnskap om regelverket, og
gjennom det også til betre personvern. Regjeringa
følger med på og deltar i internasjonalt personvernarbeid.
1.1.1 Gjennomføring av EU si
personvernforordning
Etter å ha arbeidd med regelverket i over fire år,
vedtok EU den nye forordninga om personvern,
forordning 2016/679, i april 2016. Den tek til å
gjelde i alle EU sine medlemsstatar 25. mai 2018,
og vil erstatte det nogjeldande personverndirektivet,
direktiv 95/46/EC. Fordi reglane er vedtekne
som ei forordning, gjeld dei direkte som nasjonal
rett i EU-landa. Det er ikkje nødvendig med nasjonal
gjennomføring. Samstundes med forordninga
blei det vedteke eit direktiv om behandling av personopplysningar
i justissektoren. Forordninga er
EØS-relevant og direktivet er Schengen-relevant.
Begge delar vil derfor bli gjennomførte i norsk rett.
Forordninga fører til at personvernreglane i
Europa blir harmoniserte i større grad enn etter
det gjeldande personverndirektivet. Personvern
heng tett saman med digitalisering og IKT-politikk.
Godt personvern er ein av fleire føresetnader for at
innbyggarane skal kunne ta i bruk digitale tenester.
Både i Noreg og i Europa har det dei siste åra vore
stor merksemd om utvikling av digitale tenester.
Eit einsarta personvernregelverk vil medverke til
at ein får eit godt grunnlag for digitalisering av
tenester som innbyggarane kan ta i bruk på tvers
av landegrenser. Gjennomføring av forordninga er
derfor eit viktig element i både den norske og den
europeiske digitaliseringspolitikken.
Eit tilnærma einsarta personvernregelverk i
heile EU-/EØS-området vil vere ein fordel både for
dei registrerte og for verksemder som behandlar
personopplysningar og skal etterleve reglane. Forordninga
legg opp til fleire ordningar for å sikre
einsarta tolking av reglane i alle EU-/EØS-landa.
Samarbeidsordningane skal gjere det enklare for
verksemder som behandlar personopplysningar i
fleire land ved at dei kan halde seg til personvernmyndigheita
i landet der dei er etablerte. Ordninga
blir omtalt som «One Stop Shop».
Forordninga legg opp til eit utstrakt samarbeid
mellom dei nasjonale datatilsyna, samstundes som
det blir oppretta eit felleseuropeisk datatilsyn med
eit overordna tilsynsansvar («European Data
Protection Board»). Det felleseuropeiske tilsynsorganet
vil kunne fatte bindande avgjerder i ein
del enkeltsaker, og uttale seg om tolking av forordninga.
Dei nasjonale datatilsyna må legge slike
tolkingar til grunn i saksbehandlinga si. Regjeringa
arbeider for at det norske Datatilsynet skal
få delta i dette samarbeidet slik dei deltar i Artikkel
29-gruppa i dag.
Regjeringa meiner den nye forordninga gir eit
sterkt vern for personopplysningar. Mange av dei
grunnleggande personvernprinsippa og reglane
som følger av det gjeldande direktivet og gjeldande
norsk rett blir ført vidare i forordninga.
Dette har vore viktig for Noreg under forhandlingane
i EU. Samstundes innfører forordninga nye
reglar på fleire område, og fører til endringar i
norsk personvernrett.
EU-reglane er omfattande og dekker alle samfunnsområde.
I utgangspunktet skal vi, på lik line
med alle medlemsstatane i EU, gjennomføre forordninga
i nasjonal rett slik ho lyder. Reglane vil
derfor bli viktige for alle dei som behandlar personopplysningar
i Noreg. Ei merkbar endring for
både Datatilsynet og dei som behandlar personopplysningar
vil vere at den ganske omfattande
konsesjonsplikta vi kjenner i dag fell bort. Til
erstatning blir det innført ei omfattande plikt for
dei som skal behandle personopplysningar til å
gjere grundige utgreiingar av personvernkonsekvensar
før nye tiltak blir sette i verk. Med grunnlag
i konsekvensvurderingane skal dei behandlingsansvarlege
gjennomføre risikoreduserande
tiltak. Som ledd i dette arbeidet kan dei søke råd
hos Datatilsynet i samsvar med reglane om førehandsdrøftingar
i forordninga. Dei som behandlar
personopplysningar må på dette viset sjølve ta
mykje større ansvar for at dei behandlar opplysningar
i samsvar med reglane. Mindre førehandskontroll
og meir ansvar på den som skal
behandle opplysningar er noko av kjernen i det
nye regelverket. Det finst likevel ei opning i
forordninga for å fastsette nasjonale reglar om
konsesjonsplikt i særskilte døme. Regjeringa vil
vurdere om det er nødvendig med slike reglar for
å sikre personvernet.
Forordninga inneheld ei rekke reglar som gir
statane eit nasjonalt handlingsrom. I arbeidet med
gjennomføring av forordninga vurderer regjeringa
korleis dette handlingsrommet kan nyttast
best mogleg for norske innbyggarar og verksemder.
Det kan derfor bli aktuelt å vidareføre nokre
av dei norske særreglane om behandling av personopplysningar.
Dette vil til dømes kunne bli tilfellet
i arbeidslivet, der forordninga opnar for at
landa kan fastsette eigne reglar for å ta vare på
personvernet til dei tilsette. Det er òg rom for
nasjonale særreglar om behandling av opplysningar
for forsking og vitskaplege formål.
Regjeringa arbeider med gjennomføring av
forordning 2016/679 i norsk rett. Direktiv 2016/
680 om behandling av personopplysningar i justissektoren
er allereie foreslått gjennomført i norsk
rett gjennom endringar i politiregisterlova, sjå
Prop. 99 L (2016–2017).
1.1.2 Endringar i personopplysningsforskrifta
I meldingsåret blei det, som ledd i regjeringa sitt
tidstjuvprosjekt, fastsett fleire endringar i reglane
om melde- og konsesjonsplikt i personopplysningsforskrifta.
Det blei gjort fire nye unntak frå
meldeplikta og fem unntak frå både melde- og
konsesjonsplikta ved behandling av personopplysningar.
Mellom anna blei det fastsett unntak frå
meldeplikta for behandling av personopplysningar
ved bruk av elektronisk køyrebok og flåtestyring,
og frå både melde- og konsesjonsplikta for
behandling av personopplysningar i kvitvaskingsregister
og i legemiddelovervaking. Felles for dei
ulike behandlingane er at dei utgjer ein liten personverntrussel
og at dei allereie er kjende for
Datatilsynet.
Dei nye unntaka fjernar tidstjuvar for både
Datatilsynet og verksemder som behandlar personopplysningar.
Forskriftsendringane vil effektivisere
Datatilsynet sitt arbeid, og tilsynet vil få frigitt
tid til andre og meir presserande oppgåver.
Framfor å måtte bruke ressursar på behandlingar
som utgjer ein liten personverntrussel, kan tilsynet
prioritere tilsynsverksemd og oppfølging av
personverninngripande behandlingar. Dette vil
samla gi eit betre personvern. Verksemdene vil på
si side sleppe ressurskrevjande prosessar med
søknader om konsesjon og innsending av meldingar.
Dei vil i tillegg kunne starte behandling av
personopplysningar straks, framfor å måtte vente
på løyve frå Datatilsynet.
Regelendringane tok til å gjelde 1. januar 2017.
1.1.3 Overføring av personopplysningar til
tredjeland
Ei viktig personvernhending i 2016 var avtalen
mellom USA og EU om overføring av personopplysningar
– den såkalla EU-US Privacy Shield-avtalen.
Avtalen forenklar overføring av personopplysningar
til USA, og erstattar den tidlegare Safe
Harbor-avtalen, som blei kjent ugyldig av EUdomstolen
i 2015.
Privacy Shield-avtalen skal sikre tilstrekkeleg
vern av personopplysningar som blir overførte
mellom EU-/EØS-landa og USA. På same måten
som Safe Harbor, er Privacy Shield ei sjølvdeklarasjonsordning,
der amerikanske selskap frivillig
kan forplikte seg til å behandle personopplysningar
med ein større grad av tryggleik og kontroll
enn kva amerikansk lovverk elles legg opp til. Det
er lagt opp til fleire tvisteløysingsmekanismar for
europeiske innbyggarar som meiner at personopplysningane
deira ikkje har vore tilstrekkeleg
verna i USA. Ordninga omfattar opprettinga av ein
«ombodsmann», som skal vere uavhengig av amerikanske
etterretningstenester. Amerikanske
myndigheiter har òg stengt for bruk av vilkårleg
masseovervaking.
Avgjerda om Privacy Shield-avtalen har sitt
grunnlag i det gjeldande personverndirektivet
artikkel 25(6), som gir EU-kommisjonen fullmakt
til å avgjere om eit tredjeland har tilstrekkeleg vernenivå
for personopplysningar. Slike reglar finst
òg i den nye personvernforordninga. Etter reglar i
EØS-avtalen gjeld avgjerder frå kommisjonen om
vernenivået i tredjeland frå same tidspunkt for
Noreg som for EU-landa. Privacy Shield-avtalen
tok dermed til å gjelde i juli 2016. Departementet
meiner det er viktig med gode, felleseuropeiske
reglar for overføring av personopplysningar over
landegrensene. Reglane må ta omsyn både til personvernet
til den enkelte og til ein effektiv og god
handel.
1.1.4 Tele 2-dommen
Ei anna viktig hending i meldingsåret var den
såkalla Tele 2-dommen frå EU-domstolen. Dommen
omhandla lagringslovene i Sverige og Storbritannia
som blei vedtekne for å sikre lagring av
data etter at datalagringsdirektivet blei kjent ugyldig.
Dommen konkluderte med at datalagringslovene
i Sverige og Storbritannia ikkje var i tråd
med retten til privatliv. Av dommen går det fram at
det ikkje er i tråd med menneskerettane å masselagre
data utan ei vurdering av behovet og av om
lagringa er formålstenleg. Det må også gjerast ei
avgrensing av kva opplysningane skal nyttast til.
Dommen legg viktige premissar for datalagring
og overvaking. Desse premissane vil vere sentrale
for det vidare personvernarbeidet til departementet,
særleg i justissektoren.
1.2 Barn og unge
Barn og unge er aktive brukarar av ny teknologi
og nye kommunikasjonsformer, som ulike sosiale
medium. Dette kan vere ein fordel for læring og
utvikling, men det gjer òg dei unge meir utsette
for personvernkrenkingar, særleg fordi dei sosiale
media ofte er utanfor vaksenkontroll. Det kan òg
vere slik at det er foreldra sjølve eller andre
vaksne som deler informasjon om barna. Auka
bruk av sosiale medium med deling av bilde og
informasjon om barn kan svekke personvernet
deira. Vaksne har eit særskilt ansvar for å ta vare
på personvernet til barn. Mindre barn har ikkje i
same grad som vaksne moglegheit til å samtykke
til slik deling, eller til å sjå konsekvensane av å gi
samtykke. Det er derfor viktig med rettleiing av
både barna og dei vaksne som har ansvaret for
dei, slik at kunnskapen om personvern er best
mogleg. Departementet meiner det kan vere
behov for eit meir målretta arbeid mot foreldra for
å styrke personvernet til barn.
I skulen er det auka bruk av digitale verktøy
for barn og unge i opplæringa. Opplæringssektoren
må derfor kjenne til regelverket og ha gode
rutinar for behandling av personopplysningar og
bruk av digitale medium. Det er ikkje berre skuleeigarar
og -administrasjonen som må kjenne
reglane. Også den enkelte læraren må ha kompetanse
om personvern. Datatilsynet har i meldingsåret
følgt opp tidlegare arbeid med personvern for
barn og unge. Saman med Utdanningsdirektoratet
og Senter for IKT i utdanningen har Datatilsynet
arbeidd med ei koordinering av eksisterande rettleiingsmateriale
for eit godt personvern i opplæringssektoren.
Prosjektet har resultert i nettressursen
www.personvernskolen.no. Tilsynet har
vidare halde fram samarbeidsprosjektet «Du
bestemmer». Departementet er oppteke av at
barn og unge blir sikra eit godt personvern, og
støttar Datatilsynet sitt arbeid for god kunnskap
om personvern og nettvett blant barn og unge.
I det pågåande arbeidet med å gjennomføre
EU si personvernforordning blir det òg retta
merksemd mot retten barn har til personvern. I
forordninga blir det framheva at personopplysningar
om barn fortener eit særskilt vern, sidan barn
kan vere mindre medvitne om aktuelle risikoar og
konsekvensar ved behandling av personopplysningar.
Forordninga har fleire artiklar som skal
sikre eit særskilt vern av personopplysningar om
barn. Mellom anna inneheld forordninga ein
eigen artikkel om når barn kan samtykke til
behandling av personopplysningar i samband med
informasjonssamfunnstenester, til dømes sosiale
medium som Facebook og Instagram. Aldersgrensa
for samtykke er i slike tilfelle sett til 16 år.
Landa kan likevel i nasjonal lovgiving fastsette at
barn allereie frå 13 år sjølve kan samtykke til
behandling av sine eigne personopplysningar.
Departementet meiner at ei nasjonal lovfesting av
dette vil styrke personvernet til barn.
1.3 Kommersialisering av personopplysningar
og personifisering av tenester
Ein stadig større del av liva våre finn stad digitalt.
Vi bruker nettbaserte tenester når vi handlar, held
oss oppdaterte, let oss underhalde og er sosiale.
Heile tida legg vi att små elektroniske spor om
kvar vi har vore, når vi var der, kven vi var saman
med og kva vi gjorde. Vi er ofte ikkje klar over
dette. Vi er vande med at både digitalt innhald og
digitale tenester er gratis, men tenker sjeldan på
at vi forbrukarar i staden «betaler» med dei personopplysningane
som kontinuerleg blir henta ut
om til dømes kontaktar, preferansar, brukarvanar
og posisjonen vår. Kvar for seg er ikkje desse
spora særleg interessante, men samanstilte kan
dei teikne eit svært detaljert bilde av vanane,
interessene, omgangskretsen og livsstilen vår.
Som Datatilsynet skriv i årsmeldinga si, er innsamling
og analyse av forbrukardata viktig for å
utvikle personifiserte tenester og løysingar basert
på kunstig intelligens. Personopplysningar har
blitt ei raskt veksande handelsvare. Ei rekke selskap
spesialiserer seg på å selje profilar baserte
på innsamla personopplysningar til annonsørar og
andre som ønsker å målrette marknadsføring og
tilbod. Jo meir data som blir samla inn, jo meir
treffsikker blir reklamen. Dette aukar betalingsviljen
hos dei kommersielle aktørane. I takt med
at personopplysningar får større verdi, vil stadig
fleire aktørar ha interesse av å samle mest mogleg
data om oss.
Det er ei utfordring at mykje av innsamlinga av
personopplysningar skjer i det skjulte, utan at vi
har kjennskap til det og i mange tilfelle òg utan at
vi har samtykka. I 2016 gjekk Forbrukerrådet
gjennom 20 ulike applikasjonar for å sjå korleis dei
tok hand om person- og forbrukarvern. Gjennomgangen
viste mellom anna at applikasjonane sporar
brukaren også når dei ikkje er i bruk, at personopplysningar
blir delte og selde vidare i stort
omfang. Enkelte applikasjonar krev å fritt kunne
nytte brukarane sitt innhald til evig tid. [...]
Se også saken på regjeringen.no.