Meld. St. 18 (2016–2017) Berekraftige byar og sterke distrikt
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 17. februar 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg). Melding til Stortinget. Regjeringa legg med dette fram ei melding til Stortinget om politikk for utvikling i byar og distrikt. Det er ei overordna stortingsmelding som gjev eit samansett og kunnskapsbasert bilete av korleis utfordringar og moglegheiter varierer rundt om i landet. Meldinga meislar ut kva retning regjeringa meiner det er rett å gå i for ei vidare utvikling av byane og tettstadene, distrikta og regionane våre. Alle byar, tettstader og bygder tilhøyrer ein region. I meldinga møtest by- og distriktspolitikk i ein felles politikk for den regionale utviklinga.
Dokumentet i PDF-format (19,8 MB)
Utdrag:
Boks 3.9 Noreg ligg langt framme,
men kan strekkje seg lenger
Top of Digital Europe er ein uavhengig tenkjetank
som arbeider for å fremje den baltiske regionen
sin posisjon innan IKT-sektoren. I samarbeid
med Baltic Development Forum og Microsoft,
gjev dei ut ein årleg tilstandsrapport,
State of the Digital Region.
Rapporten syner at Noreg ligg langt framme
i den digitale økonomien, særleg når det gjeld
digital infrastruktur. Likevel er dei norske byane
ikkje like godt kjende for digitale nyetableringar
som til dømes Stockholm, København
og Tallin. Stockholm er omtalt som «the startup
capital of Europe» og er rangert som nummer
sju i ei kåring av europeiske byar som
knutepunkt for nyetableringar, medan København
er rangert som nummer ni. Til samanlikning
ligg Oslo på plass nummer 23.
For at norske byar skal kunne konkurrere
på ein internasjonal marknad, er det viktig å
trekkje til seg talent og verksemder. Her har
norske byar noko å strekkje seg etter.
Kjelde: Wernberg, J. mfl. 2016: State of the Digital Region.
[...]
3.1.4 Digitalisering og næringsutvikling
Digitalisering skaper nye moglegheiter for næringsutvikling
og betre utnytting av ressursane
samla sett. Den digitale økonomien kan medverke
til vekst og sysselsetjing ved å skape grunnlag for
investeringar og innovasjon, senke terskelen for
tilgang til større marknader og syte for at geografisk
lokalisering blir mindre avgjerande. Digitale
teknologiar gjer at små verksemder kan nå
kundar over heile verda utan store meirkostnader.
Dette gjer at verksemder veks seg større raskare,
noko som kan gje meir konkurranse og lågare
pris for forbrukarane. Meld. St. 27 (2015–2016)
Digital agenda for Noreg framhevar dette som vesentleg
for Noreg, som har eit næringsliv prega av mange små verksemder, ein relativt liten heimemarknad
og stor avstand til dei store marknadene.
For å få til dette er godt samarbeid mellom styresmakter
og næringsliv avgjerande. Dette gjeld
både identifisering av behov og moglegheiter. Her
har offentleg sektor ei rolle å spele ved å tenkje
nytt i mellom anna kjøpssituasjonar.
Noreg har sterke næringsmiljø som koplar aktørar
og fagfelt på nye måtar gjennom digitale løysingar.
Smart Innovation Østfold, i næringsklyngja
NCE Smart Energy Markets, utviklar mellom
anna eit kompetansesenter i Halden som skal
jobbe for grøn vekst gjennom smarte energiløysingar,
digitalisering og Smart City-konseptet.
Andre døme på marknadsmoglegheiter ligg i koplinga
mellom eksisterande sterke fagmiljø, til dømes
mellom lettmetallklyngja på Raufoss og mikroelektronikkmiljøet
i Vestfold for å utvikle
smarte kraftmaster. Gjennom å kople fagområde
og aktørar på nye måtar kan digitaliseringa medverke
til å gjere norsk næringsliv meir omstillingsdyktig.
Regjeringa vil halde fram tilrettelegginga
for at moglegheitene som ligg i digitalisering kan
nyttast til å fremje berekraftige byar og sterke distrikt.
Boks 3.10 Digitalisering som grunnlag for nyetableringar
I Noreg og Norden har digitale og fysiske møteplassar
mellom entreprenørar med idear og aktørar
med oppstartskapital blitt etablerte på privat
initiativ i fleire byar dei siste åra. Tilsvarande
verkemiddel som inkubasjonsprogrammet, knytt
til høgskular, og næringshageprogrammet, som
er særleg retta mot område med distriktsutfordringar,
er private initiativ i byane, som Mesh i
Oslo, og Mess and Order i Stavanger. Slike møteplassar
kan stimulere deltakarane til å utvikle
gode idear i samspel med andre. Det blir enklare
å etablere nettverk og omsetje idear til
praksis. I tillegg til å skape lokale møteplassar
gjev slike arenaer grunnlag for nettverk og koplingar
mellom verksemder i byane og verksemder
i distrikta.
Sogndal er eit døme på ein mindre stad med
eit sterkt teknologimiljø. I Sogndal finn ein høgskule
og nærleik til større offentlege og private
verksemder i kombinasjon med gode høve til friluftsliv.
I sum gjev dette gode vilkår for å trekkje
talent til tettstaden. Rocketfarm, ei ung verksemd
på Fosshaugane campus med 13 tilsette, har til
dømes delteke i arbeidet med digital postkasse i
regi av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).
Rocketfarm er òg del av entreprenørøkosystemet
til Mesh. Slike digitale sosiale nettverk supplerer
fysiske møtestader, og er eit godt døme på korleis
ein kan knyte gründerar i byar og distrikt saman.
Boks 3.11 Stordata gjev moglegheiter
Stordata er bruk av datasett i store volum som
blir raskt oppdaterte frå kjelder med stor variasjon,
sikkert opphav og kjend kvalitet.1 Stordata
omfattar heile verdikjeda: datainnsamling, lagring,
prosessering, analyse og visualisering av
resultat. Dette kan gje grunnlag for å automatisere
produksjon betre. Eit døme er kontrollen
av talet på fisk og vektutvikling på fisken i oppdrettsanlegg
gjennom biletanalyse. Eit anna
døme er korleis kombinasjonen av fleire datastraumar
gjennom fjernovervaking kan gje betre
kontroll på til dømes kranoperasjonar og dynamisk
posisjonering innan offshorenæringa.2
Verksemda eSmart Systems i Halden utviklar
tenester og produkt knytte til energistyring
og produksjon, men rettar seg òg inn mot andre
løysingar innanfor området smarte byar og
smarte samfunn. Verksemda har vakse til over
60 tilsette sidan oppstarten i 2013.
Verksemda har utvikla løysingar saman med
både Oslo kommune og Halden kommune. I
Oslo har dei utvikla eit klimabarometer der det
blir samla inn klima- og miljørelaterte data, som
teljing av syklistar og fotgjengarar, ladebruk av
elbil og luftforureining. I samarbeid med Halden
kommune har eSmart Systems utvikla ei ny digital
løysing innanfor velferdsteknologi. Ved hjelp
av digital teknologi kan pasientar i Halden skrivast
inn i ei nyoppretta avdeling i kommunen
som blir kalla Virtuell korttidsavdeling. Pasientane
i denne avdelinga får behovsbasert oppfølging
frå kommunen i eigen heim, men med eit
minst like godt tilbod som ved innlegging.
Stordata har potensielt svært mykje å seie
for samfunnsplanlegginga. Nokre døme på det
er førebygging og handtering av miljøkatastrofar,
framskrivne utviklingsmønster i helsesektoren,
betre planlegging av samferdsel og sikring
av samfunnet mot potensielle farar. Kommunar
kan ha oppdatert oversikt over karbonfotavtrykk
for å kunne setje inn målretta tiltak for å
bli klimanøytrale. Offentlege verksemder kan
nytte stordata til å skreddarsy tenester ut frå
livssituasjonen og behova til innbyggjarane.
1 Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge.
2 Workshop om Stordata i NCE-klyngja Maritime Cleantech
8.11.2016. Døma er frå Solstad Offshore og Uni Research
Polytec.
Boks 3.12 Teknologi for berekraftige og smartare byar
Omgrepet «smarte byar» blir ofte brukt om dei
byane som nyttar digital teknologi for å utvikle
staden. Digitalisering gjer det mogleg å kombinere
område som transport, energi og arealplanlegging.
Dette gjev rom for auka verdiskaping
og nye forretningsområde. I norsk samanheng
gjev det meining å snakke om smarte byar av
alle storleikar, også smarte tettstader.
SmartCity Bærum er ein partnarskap mellom
kommune og næringsliv i Bærum. Målet er å redusere
energibruk og klimagassutslepp. Hovudideen
er å utvikle ny teknologi, rutinar og organisatoriske
grep for å få på plass grøne løysingar,
og samstundes fremje meir miljøvenleg næringsutvikling
med god lønsemd. Løysingane skal vere
attraktive, slik at innbyggjarane ynskjer å ta dei i
bruk. Eit av prosjekta SmartCity Bærum arbeider
med, er å utvikle området Fornebu til eit utstillingsvindauge
for moderne miljøtenking og berekraftig
byutvikling. Erfaringane så langt viser kor
viktig det er med ei samordna offentleg forvaltning
og eit næringsliv som kan medverke til å
skape attraktive bymiljø gjennom verksemda si.
Analyseselskapet Frost & Sullivan har rekna
ut at den globale smartby-marknaden representerer
marknadsmoglegheiter på over 13 000 milliardar
kroner dei neste fem åra.1
Zaptec er eit norsk firma som har utvikla teknologi
som kan brukast for å oppnå smartare og meir
berekraftig byar. Firmaet blei starta i Stavanger i
2012 og har vakse frå 2 til 30 tilsette.2 Selskapet har
satsa på miniatyrisering av plasskrevjande kraftelektronikk.
Som ein del av denne satsinga har Zaptec
utvikla elbilladarar, som basert på norske erfaringar
med høg prosentdel elbilar, er skalerbare
slik at straumnettet blir trygt og optimalt nytta
sjølv med fleire tusen ladepunkt. Zaptec utviklar òg
så kompakt teknologi at den kan plasserast i lyktestolpar.
Med denne typen ladar treng ein ikkje
plasskrevjande dedikerte parkeringsplassar med
ladestasjonar, og ein elektrisk bil kan ladast nær
sagt kvar som helst. Firmaet er mellom anna med i
konkurransen om ein kontrakt for London der det
skal investerast i løysingar for ein smartare by.3
1 Innovasjon Norge 2016: Drømmeløftet 2016: Smarte samfunn.
2 http://www.zaptec.com/about/#zaptecas
3 http://www.tu.no/artikler/lyktestolper-skal-lade-londons-eltaxier-na-er-norsk-ladeteknologi-en-av-fa-kandidater/346867
Boks 3.13 Delingsøkonomi
Den såkalla delingsøkonomien er eit døme på
korleis digital teknologi kan føre til nye arbeidsplassar
og innovative tenester. Digitalisering av
økonomien gjer det mogleg å omsetje varer og
tenester langt meir effektivt enn tidlegare. Dette
skjer gjennom digitale plattformer som Airbnb
eller det norske dømet Nabobil.no. Viktige føresetnader
for delingsøkonomien er allmenn tilgang
til internett, stor utbreiing av smarttelefonar/
nettbrett og digitale betalings- og autentiseringssystem
med låge transaksjonskostnader.
Dette medverkar til nye forretningsmoglegheiter
for einskildindivid, føretak og entreprenørar
som ser høve til å skape nye digitale plattformer
eller digitale møteplassar på stadig nye område.
Nabobil.no er eit døme på ein norsk aktør innanfor
delingsøkonomien. Nabobil er ein marknadsplass
som koplar privatpersonar som treng bil,
med personar som leiger ut ein bil. Selskapet
har vakse raskt og rapporterte i 2016 om 50 000
registrerte brukarar, 3000 bilar og 13 000 leigetransaksjonar.
[...]
Boks 4.3 Gode digitale planverktøy
Ved hjelp av GIS-verktøy kan ein kople saman
informasjon frå digitale temakart, arealplanar
og datasett for transport. Dette gjer det mogleg
å sjå arealbruk og transportsystem i samanheng
på ein systematisk og etterprøvbar
måte. Viktige spørsmål ved planlegging av
byar og tettstader er kvar det kan byggjast
meir konsentrert, og korleis utbygginga påverkar
behovet for ulike transportformer.
Slike areal- og transportanalysar med talfesta
kalkylar og framsyning på kart kan vere eit
godt diskusjonsgrunnlag ved planlegginga i
kommunar og regionar.
Særskilt vedlegg: