Høyring – EU-kommisjonens forslag til kommunikasjonsvernforordning

Samferdselsdepartementet sender no forslaget frå EU-kommisjonen til ny kommunikasjonsvernforordning (som erstattar kommunikasjonsverndirektivet) på høyring.

Status: På høring

Høyringsfrist: 24.03.2017

 
  • Høyringsbrev

    Vår ref.: 17/482

    1. INNLEIING
    EU-kommisjonen publiserte 13. april 2016 ei høyring om kommunikasjonsverndirektivet (2002/58/EC) der kommisjonen inviterte til synspunkt på innhaldet i gjeldande kommunikasjonsverndirektiv og bad om innspel på aktuelle endringar i regelverket for å sikre at det blir oppdatert til å møte utfordringane på det digitale området. Høyringsfristen var 5. juli 2016 (sjå også Samferdselsdepartementets informasjon om dette 28. april 2016).

    Samferdselsdepartementet sender no forslaget frå EU-kommisjonen til ny kommunikasjonsvernforordning (COM(2017) 10 final) som erstattar kommunikasjonsverndirektivet (2002/58/EC) på høyring. Forslaget vart lagt fram 10. januar 2017 og er no til handsaming i Rådet og Europaparlamentet. I høyringa ønsker departementet å få belyst konsekvensane av å gjennomføre forslaget i norsk rett, og kva endringar som eventuelt er ønskeleg at norske myndigheiter arbeider for i den vidare prosessen. Høyringssvar må sendast til Samferdselsdepartementet innan 24. mars 2017.

    På bakgrunn av høyringa vil Samferdselsdepartementet i samråd med andre departement følgje opp det vidare arbeidet med forslaget til ny kommunikasjonsvernforordning.

    2. KORT OM FORSLAGET
    Målet med revisjonen av regelverket og den foreslåtte forordninga er å sikre effektiv og god beskyttelse av konfidensialitet, effektiv beskyttelse mot reklame ein ikkje har bede om og harmonisering, forenkling og oppdatering av regelverket. Dette skal sikrast ved å oppdatere reglane i tråd med den teknologiske utviklinga og utviklinga i marknaden og ved å tilpasse regelverket til personsvernforordninga frå mai 2016 som trer i kraft i mai 2018.

    Dei foreslåtte endringane i den nye kommunikasjonsvernforordninga inkluderer

    • like krav til sikkerhet, konfidensialitet og brukarrettar til nye, digitale internettbaserte kommunikasjonstenester, såkalla Over-The-Top-tenester (OTT-tenester) som WhatsApp, Facebook, Messenger og Skype, som til tradisjonelle ekomtilbydarar.
    • samtykke frå brukaren til at informasjonen som blir etterlaten kan delast med tredjepart gjennom innstillingar i teminalutstyret. Dette går i retning av ei "opt in-løysing" i staden for ei "opt out-løysing" for bruk av informasjonskapslar ("cookies").
    • endring av ansvarleg tilsynsmyndigheit. I forslaget legg kommisjonen opp til at same organ skal vere tilsynsmyndigheit for kommunikasjonsvernforordninga som for personvernforordninga. I Norge er det Datatilsynet.

    Økonomiske og administrative konsekvensar

    Forordninga kan, som følge av endra forpliktingar samanlikna med gjeldande rett, medføre enkelte økte administrative byrder for norsk næringsliv og for norske offentlege myndigheiter. Det vert peika spesielt på at OTT-tenester no vil omfattast av reguleringa. Samtidig vil forordninga også kunne medføre forenklingar, eksempelvis ved at dagens varslingsrutinar i samband med forskjellige følgjer for brot på datasikkerheit vert foreslått samordna på ein meir einskapleg måte. Forslaget inneber også at dei tradisjonelle ekomtilbydarane kan få fleire moglegheiter, gitt samtykke frå sluttbrukar, til å bruke metadata – mellom anna opplysningar om kvar sluttbrukar er – til å utvikle tilleggstenester og nye forretningsmodellar.

    3. HØYRING
    Følgjande EU-dokument er tilgjengelege på denne sida, under fanen "Høringsnotat"

    • Forslaget til kommunikasjonsvernforordning (COM(2017) 10 final)
    • Kommunikasjonsverndirektivet (2002/58/EC)
    • Evaluering av kommunikasjonsverndirektivet (2002/58/EC)
    • Oppsummering av evalueringa av kommunikasjonsverndirektivet
    • Konsekvensutgreiing i tre delar
    • Oppsummering av konsekvensutgreiinga

    Samferdselsdepartementet ber om innspel knytt til dei foreslåtte endringane, til andre element høyringsinstansane er opptekne av, eller til forordninga som heilheit, inkludert økonomiske og administrative konsekvensar som følgje av deler av eller heile forordninga.

    Dette er ei open høyring og andre som er interesserte vert oppmoda til å kome med sine innspel innan 24. mars 2017.
    Høyringssaka er tilgjengeleg på departementet sine nettsider. Vi ber om at høyringsuttalen vert send elektronisk ved bruk av den digitale løysinga for høyringsuttalar (under "Send inn høyringssvar" på denne sida).

    Alle høyringsuttalar er offentlege etter offentleglova og vert publiserte saman med andre høyringsuttalar.


    Med helsing


    Heidi Kvalvåg (e.f.)
    avdelingsdirektør

    Eirik Hildal
    rådgjevar

  • Høyringsnotat