Har etablert brukargruppe for vidareutvikling av EVA
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har oppretta ei brukargruppe med ni kommunar som skal sjå nærare på korleis det elektroniske valadministrasjonssystemet EVA kan vidareutviklast fram mot lokalvalet i 2015.
Ved valet i 2013 implementerte Kommunal- og regionaldepartementet eit heilt nytt elektronisk valadministrasjonssystem i alle landets kommunar – EVA. EVA er eit datasystem som kommunar og fylkeskommunar nyttar til den administrative gjennomføringa av val. Systemet inneheld også ein modul for elektronisk teljing av stemmesedlar. Systemet er eigd, forvalta og drifta av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Evalueringa frå valet i 2013 syner at kommunane var godt nøgde med EVA og at systemet fungerte godt i kommunane. Men kommunane har også gitt tilbakemeldingar på at det er rom for å gjere systemet betre.
Difor har Kommunal- og moderniseringsdepartementet etablert ei eiga brukargruppe der ni kommunar deltek. Brukargruppa skal saman med departementet finne dei gode løysingane på korleis EVA kan vidareutviklast fram mot lokalvalet i 2015.
Dei ni kommunane som deltek i brukargruppa er Tana, Tromsø, Bodø, Trondheim, Bremanger, Bergen, Oslo, Lunner og Gjøvik.
Brukargruppa sitt mandat er å kome med gode idear og løysingar på korleis EVA kan vidareutviklast basert på dei tilbakemeldingane som er kome inn etter valet i 2013. Dei skal også kome med innspel på korleis departementet kan vidareutvikle informasjons- og rutinekonsepta som ligg i Sharepoint (Valmedarbeidarportalen og Valrutiner). Departementet nyttar Sharepoint i kommunikasjon med kommunane. Brukargruppa kjem også til å delta i den vidare testinga av EVA som skal gjennomførast i 2014.
Brukargruppa hadde sitt første møte i slutten av januar. Her vart løysingar for brukarar og roller diskutert, samt ei ny løysing for verifisering i EVA Skanning. Det er planlagd samlingar i brukargruppa ca ein gong i månaden gjennom heile mellomvalåret 2014. Neste samling er 5.-6. mars.