ESA godkjenner tilskotsordning for nasjonale vekemedier

EFTA sitt overvakingsorgan ESA har konkludert med at endringane som er foreslått i produksjonstilskotet for nyheits- og aktualitetsmedier er i tråd med statstøttereglane i EØS-avtalen.

Avgjerda medfører at den skjønnsbaserte støtteordninga for vekeaviser i regi av Kulturrådet, blir erstatta med ei ny, plattformnøytral tilskotordning for nasjonale vekemedier. Den nye ordninga skal ligge under Medietilsynet. Tilskotordninga vil vere ein del av det ordinære produksjonstilskotet og blir tildelt etter same type objektive kriterier. Ordninga vil tre i kraft med verknad frå 2016.

ESA-vedtaket støttar departementet si vurdering av at tilskot til nasjonale vekemedier er eit godt eigna og naudsynt verkemiddel for å fremme mediemangfald i Norge. ESA er og samd i at det er naudsynt med høgare tilskot til nynorske vekemedier.

- Eg er glad for denne avklaringa, som medfører ei viktig opprydning og modernisering av tilskotet til vekeavisene, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- For å sikre tilliten til at media er uavhengige, er det viktig å basere statlege støtteordningar på klare og objektive kriterier, slik at forvaltninga i så liten grad som råd må bruke skjønn i sine vurderingar, seier kulturministeren.

Se også saken på regjeringen.no.