Enklare tilgang til samlingane ved Nasjonalbiblioteket

Pressemelding | Nr: 46/18 Kulturdepartementet har i dag fastsett nye føresegner for avlevering av allment tilgjengelege dokument. Det vert òg gjort endringar i føresegna til åndsverklova.

Forskrift om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (.pdf)

Forskrift om endringar i forskrift til åndsverkloven (.pdf)

Brev til Nasjonalbiblioteket frå Kulturdepartementet med informasjon om endringane 2. juli 2018 (.pdf)

Endringane inneber at dokumenta i Nasjonalbiblioteket sine samlingar skal gjerast tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon uavhengig av geografisk avstand til forskingsinstitusjonane. For Nasjonalbiblioteket vil det føre til at samlingane i hovudsak skal gjerast tilgjengeleg digitalt. Ein konsekvens av eit slikt skifte er at færre fysiske eksemplar skal avleverast i framtida.  Fram til no har det vore krav om avlevering av opp til sju eksemplar til Nasjonalbiblioteket av alle dokument som vert utgitt. Eksemplara har blitt fordelte mellom Nasjonalbiblioteket og universitetsbiblioteka i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, samt Sametinget sitt bibliotek i Karasjok. No vil heile universitets- og høgskulesektoren få digital tilgang til dette materialet.

– Vi har no fått på plass eit regelverk som er tilpassa digital kommunikasjon og digitale samlingar. Avlevert materiale frå Nasjonalbiblioteket skal også gjerast tilgjengeleg digitalt for forsking og dokumentasjon i folkebiblioteka. Dette vil løfte folkebiblioteka som kunnskapsarena, seier kulturminister Trine Skei Grande.

– Nasjonalbiblioteket får no eit etterlengta heimelsgrunnlag for å ta steget heilt over til digital dokumentforvaltning, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.

Alle utgjevarar, trykkeri, produsentar eller importørar av dokument har i dag eit lovpålagt krav om avlevering av eksemplar til Nasjonalbiblioteket, av alt norsk materiale som er gjort tilgjengeleg for allmenta. Det pliktavleverte materialet er grunnstammen i vårt kollektive minne og er ei viktig kjelde for forsking ved universitet og høgskular.

Føresegnene varetar behovet for at materiale kan gjerast tilgjengeleg, samstundes som ein tar omsyn til rettshavarane sine interesser. Det skal opprettast ei prøveordning der universitet, høgskular og folkebibliotek får eit avgrensa antal digitale brukartilgangar. Nasjonalbiblioteket vil evaluere ordninga.

Se også saken på regjeringen.no.