55 millionar til Altinn

Pressemelding | Den digitale dialogen som innbyggarane og bedriftene har med det offentlege skal bli enklare og meir effektiv.

Regjeringa foreslår å løyve 55 millionar kroner til modernisering av Altinn. Altinn er sentral for å digitalisere det offentlege Noreg.

- Altinn er og skal vere ei sentral drivkraft i det digitaliserte Noreg. Ei moderne plattform vil gjere det mogleg for etatar å utvikle tenester utan hjelp frå Altinn. Det vil leggje til rette for at også private aktørar kan bruke Altinn til å utvikle tenester, seier næringsminister Monica Mæland.

Moderniseringa vil leggje til rette for at offentlege etatar kan byggje tenester som er meir effektive og brukarvenlege. Det vil også bli enklare å gjenbruke data på tvers av tenester og etatar. Ein kan også utvikle tenester på fleire medium, som til dømes appar.

 

Fakta

  • Meir enn 4,5 millionar privatpersonar har ein meldingsboks i Altinn gjennom fødselsnummeret sitt.
  • Om lag 1 million bedrifter er registrerte som brukarar gjennom eit organisasjonsnummer.
  • Frå starten i 2003 til oktober 2016 er det sendt inn om lag 141 millionar skjema gjennom Altinn, og det er sendt ut om lag 150 millionar dokument og vedtak frå forvaltninga til brukarane. Det betyr milliardar spart for både det offentlege og næringslivet.

Se også saken på regjeringen.no.